Innkalling

Innkalling til felles dugnad i havna

Austsio Båtlag – publisert 22.05.2026

Hei alle saman,

Styret kallar inn til felles dugnad i båthavna. Det blir sett opp to laurdagar der de kan melde dykk på:

Tidspunkt

  • Dugnad 1: Laurdag 22. august kl. 10:00–14:00
  • Dugnad 2: Laurdag 12. september kl. 10:00–14:00

Vi ber om tilbakemelding på kva dugnadsdag som passar best for deg. På bakgrunn av dette blir det sett opp arbeidslister.

Vi ser fram til to effektive og gode dugnadsdagar 🙂

Alle eigarar av båtplass pliktar å delta på dugnad i totalt 4 timar. Dersom ein ikkje møter til dugnad, vil ein bli fakturert for 4 timar à kr 300, totalt kr 1 200.

Med helsing
Geir Røssland
Leiar, Austsio Båtlag