Reglar

Vedtekter

Vedtekter for Austsio Båtlag, vedtekne 26. november 1992 og reviderte 08. april 2015.

Vedtekter for Austsio Båtlag

§ 1. Namn og føremål

Namnet skal vera Austsio Båtlag.

Austsio Båtlag sitt føremål er å samla båtinteresserte i arbeid for å:

  • skapa og vedlikehalda eit godt båtmiljø i sikre båthamner og opplagsplassar.
  • Utbetra kjennskap til lokalmiljøet (farvatnet) ved turar og fellesarrangement.
  • Sikra friareal og betra muligheitane for bruk av desse.
  • Kjempa mot forureining av sjø og strender.
  • Styrkje kunnskap sjøvet og båtmateriell.
  • Samarbeida med lokale styresmakter for å løysa aktuelle oppgåver innan ramma av føremålet.

§ 2 Medlemskap

Som medlem kan styret ta opp kvar og ein båtinteressert som vil arbeida for Austsio Båtlag sitt føremål. Medlemskapet fylgjer kalenderåret. Utmelding må skje skriftleg, og vera styret i hende innan utgongen av året.

§ 3

Medlemer som ved oppførselen sin, verkar til skade for Båtlaget, misbrukar båtlaget sine merke eller flagg, kan etter varsel gjeve av styret, ekskluderast av årsmøtet.

§ 4 Kontingent

Årskontigenten til laget og driftsavgifta til båthamna, fylgjer kalenderåret og skal betalast etter tilsendt faktura med nærare fastsett forfall.

Dersom fristen vert overskriden, kan Styret stryka vedkomande, som medlem, lysa båtplassen for sal for vedkomande, etter at det er gjeve skrifteleg purring og skriftleg rekomandert varsel om dette.

§ 5

Kontingent og innmeldingsgebyr vert fastsett av årsmøtet med alminneleg fleirtal.

§ 6 Dugnad

Alle medlemar i båtlaget pliktar å delta på dugnad med eit omfang fastsett årleg av årsmøtet likevel ikkje meir en 10 timar pr år. Fråvær frå dugnad vil verta fakturert med dugnadsavgift pr time fråvær etter ein sats fastsett av årsmøtet.

§ 7 Båtlaget sin organ

Austsio Båtlag sine administrative organ er:

  1. Årsmøtet
  2. Styret
  3. Faste komiteear

§ 8

Årsmøtet er Båtlaget sitt øvste organ. Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgongen av april månad. Medlemane vert kalla inn med 14 dagars varsel ved e-post eller ved skriftleg innkalling til kvart medlem. Saksliste og rekneskap skal liggja ved og kan med fordel liggja tilgjengelig på heimesida til båtlaget.

§ 9

Saker som skal handsamast på Årsmøtet, må vera styret i hende innan 15. mars same år.

§ 10

Austsio Båtlag vert leia av eit styre som består av leiar og 4 styremedlemar. Styret vel ”innan sin midte” nestleiar, kasserar og skrivar. Styret har to varamedlemer som vert kalla inn etter behov.

§ 11

Det ordinære Årsmøtet skal handsama:

  1. Styret si årsmelding
  2. rekneskap, framlagt i revidert stand.
  3. Kontingent til laget, årlege driftsavgifter, kjøpspris for evt tilbakekjøp av båtplass i båthamna, kalkulerte dugnadstimar og timesats på desse.
  4. Innkomne forslag
  5. Føreta val på styremedlemer, leiar, 2 nummererte varamedlemer til styret, valkomite på 3 medlemer, 2 revisorar og andre komiteear og tillitsmenn.

§ 12

Styret har den administrative myndigheit, representerar laget utad, sørgjer for alle løpande forretningar og tek i vare laget sin økonomi og dets tarv, og set årsmøtet sine vedtak ut i livet.

Styret nemnar opp dei komiteear og utval som er naudsynt for å løysa bestemte oppgåver, med mindre desse vert valt av årsmøtet. Styret bestemmer i samarbeid med dei arrangerande komiteear kva tid og kvar dei ulike arrangementa skal avhaldast.

Styret er vedtaksføre når leiar, eller nestleiar, og minst 2 styremedlemer er tilstades. Komiteeane skal innan 15. februar senda sin årlege rapport til styret som tek rapportane med i si årsberetning. Valkomiteen leverer si innstilling til årsmøtet gjennom styret.

§ 13 Ekstraordinært årsmøte

Styret kan, når styret finn det turvande, og skal når minst 1/5 av medlemane krev det, med skrifteleg merknad av kva saker som ein ynskjer skal handsamast, kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Innkalling skal skje med 8 dagars varsel, og med merknad om kva saker som står på dagsorden.

Innkallinga skal sendast skrifteleg til alle medlemane.

§ 14 Diverse

Inn- og utmelding av ein krets, eit forbund eller samanslutning med ein annan foreining, må handsamast av årsmøte, og kan berre vedtakast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

§ 15

Eigar av båtplass kan overdra denne til ny eigar, under føresetnad av at den nye eigaren allereie er medlem i laget eller melder seg inn i laget etter §2 i vedtektene.

§ 16

Forslag til endring eller tillegg til desse vedtektene, må leggjast føre styret innan den frist som nemnt i §9.

Vedtak må fattast med 2/3 fleirtal av Årsmøtet.

§ 17

Oppløysing av Austsio Båtlag kan berre skje ved vedtak på ordinært årsmøte, etter at saka har vore sendt ut til alle medlemane med innkallinga. Vedtaket om oppløysing må ha 2/3 fleirtal av dei frammøtte.

Eventuelle verdiar vert disponerte av årsmøtet med alminneleg fleirtal - etter innstilling av det sitjande styret.

Desse vedtektene er vedtekne på årsmøtet den 26. november 1992.

Vedtektene er revidert på årsmøtet den 08. april 2015.